Hjem Nyheter Eiendomsskatteloven er sanksjonert

Eiendomsskatteloven er sanksjonert

I dag, 19. desember 2017, er de nye bestemmelsene i eiendomsskatteloven sanksjonert av Kongen i statsråd. Endringene i eiendomsskatteloven trer i kraft straks med virkning fra og med eiendomsskatteåret 2019.

Lovvedtaket, som ble behandlet i Stortinget 12. og 15. desember 2017, inntas her:

I Stortingets møte 12. desember 2017 ble det gjort følgende

vedtak til lov om endringer i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane (eigedomsskattelova)

I

I lov 6. juni 1975 nr 29 om eigedomsskatt til kommunane (eigedomsskattelova) gjøres følgende endringer:

§ 3 første ledd bokstav c skal lyde:
c) berre på kraftverk, vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum, eller

§ 3 første ledd bokstav d skal lyde:
d) berre på næringseigedom, kraftverk, vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum, eller

§ 3 første ledd bokstav g skal lyde:
g) faste eigedomar i heile kommunen, unnateke nær-ingseigedom, kraftverk, vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum.

§ 4 annet ledd skal lyde:
Til faste eigedomar vert rekna bygningar og tomt som høyrer til, huslause grunnstykke som hagar, lykkjer, vassfall, laste-, opplags- eller arbeidstomter, bryggjer og liknande og likeeins næringseigedom. Til næringseigedom vert m.a. rekna fabrikkar, sagbruk, industrielle verk, steinbrot, losse- og lasteplassar og liknande arbeids- og driftsstader samt kontorlokale, butikk, hotell og serveringsstad mv. Produksjonsutstyr og -installasjonar skal ikkje reknast med i eigedomsskattegrunnlaget for næringseigedom. Til næringseigedom vert ikkje rekna kraftverk, vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum. For vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskatte-reglane for petroleum skal arbeidsmaskinar og tilhøyrsle og ting som kan setjast i klasse med slikt ikkje reknast med utan tingen er ein part av sjølve føretaket.

§ 4 tredje ledd første punktum skal lyde:
Flytande anlegg i sjø for oppdrett av fisk, skjell, skalldyr og andre marine artar vert jamnstelt med nær-ingseigedom og anlegg nemnde i andre leden fjerde punktum, når anlegget har vore stasjonert i kommunen i over 6 månader i året før skatteåret.

§ 8 A-2 første ledd nytt annet punktum skal lyde:
Verdet av næringseigedom skal setjast til teknisk verde når det ikkje er mogleg å fastsetje verdet etter regelen i første punktum.

§ 8 A-2 annet ledd skal lyde:
Verdet av vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum skal setjast til teknisk verde, eller avkastningsverde når det gir best uttrykk for verdet.

§ 8 B-1 første ledd nytt annet og tredje punktum skal lyde:
Driftsmiddel som er knytta til kraftproduksjonen og heilt eller delvis inngår i verdet etter første punktum, og uavhengig av om det er ein del av kraftanlegget etter skatteloven § 18-1, kan berre verdsetjast særskilt med den andel av driftsmiddelet som ikkje er knytt til kraftproduksjonen etter skatteloven § 18-5 fjerde leden. Dette gjeld likevel ikkje for driftsmiddel som ligg i ein annan kommune enn kraftanlegget.

§ 12 bokstav e oppheves.

§ 13 første og annet ledd skal lyde:
Første året det vert utskrive eigedomsskatt i ein kommune, må skatten ikkje vera større enn kr 1 av kvart kr 1 000 av takstverdet. Seinare kan skatten ikkje i noko år aukast med meir enn kr 1 for kvart kr 1 000. Skatten kan likevel aukast med kr 3 for kvart kr 1 000 for huslause grunneigedomar. Skatten kan aukast med kr 2 for kvart kr 1 000 for eigedomar som nemnde i § 12 bokstav a same år som kommunen innfører botnfrådrag i eigedomsskatten. Skattøyret kan ikkje aukast same år som botnfrådrag fell bort. Derimot kan eigedomsskatten setjast ned til dei nemnde minstegrensene frå eit år til det neste utan omsyn til kor høg skattesatsen er frå før.

Ved første gongs utskriving på bustader og fritidsbustader som følgje av overgang til nytt utskrivingsalternativ skal skatten for slik eigedom vere kr 1 for kvart kr 1 000 av takstverdet. Reglane i første leden andre punktum flg. gjeld tilsvarande.

Overgangsregel til eigedomsskattelova §§ 3 og 4:
Kommunar som i skatteåret 2018 skreiv ut eigedomsskatt på verk og bruk som frametter vert rekna som næringseigedom kan frå og med skatteåret 2019 til og med skatteåret 2024 skrive ut eigedomsskatt på eit særskilt fastsett grunnlag. Det særskilte grunnlaget skal baserast på differansen mellom eigedomsskattegrunnlaget i 2018 og 2019 som er forårsaka av at produksjonsutstyr og -installasjonar ikkje skal reknast med i grunnlaget. Dette særskilte grunnlaget skal i 2019 vere lik seks sjudelar av differansen, og reduserast med ein sjudel kvart påfølgjande år. Skattesatsen ved slik avtrappa utskriving kan ikkje vere høgare enn den som blei nytta for dei same eigedomane for skatteåret 2018.

II

Endringene under I trer i kraft straks med virkning fra og med skatteåret 2019.

Olemic Thommessen

president