Hjem Nyheter RNB: Endringer i eiendomsskatteloven § 8 C-1

RNB: Endringer i eiendomsskatteloven § 8 C-1

Regjeringen foreslår å endre eiendomsskatteloven § 8 C-1 som gjelder dersom kommunene velger å benytte formuesverdier ved eiendomsskatt på boliger. Endringen er begrunnet i at det ved en feil er oppgitt en uriktig reduksjonsfaktor for 2017.

I Prop. 130 LS (2016 –2017) heter det:

"17.2 Eigedomsskattelova § 8 C-1

Kommunane kan velje å bruke formuesverdiane som eigedomsskattetakst for bustader, jf. eigedomsskattelova § 8 C-1. Endringar i reglane om verdsetjing av bustader i formuesskatten kan difor verke inn på reglane i eigedomsskattelova § 8 C-1, jf. Prop. 1 LS (2012-2013) punkt 8.4.5. Ein reduksjonsfaktor i eigedomsskattelova § 8 C-1 tredje ledd skal sikre at ingen bustader får eigedomsskattetakst som er høgare enn marknadsprisen for bustaden. Då skatteforvaltningsloven vart vedteken av Stortinget vart reglane i eigedomsskattelova endra for at den språklege utforminga skulle passe med faguttrykka i den nye lova. Endringane skulle gjelde frå 1. januar 2017. Ved ein feil vart faktoren for sekundærbustader i eigedomsskattelova § 8 C-1 tredje ledd endra til ein tidlegare faktor, som ikkje skulle gjelde for eigedomsskatteåret 2017. Riktig faktor for sekundærbustad i eigedomsskatteåret 2017 er 0,95. Difor gjer departementet framlegg om å rette faktoren i eigedomsskattelova § 8 C-1 tredje ledd for eigedomsskatteåret 2017 ved å endre skatteforvaltningsloven på dette punktet. Departementet viser til framlegg til endring i skatteforvaltningsloven § 16-3 Endringer i andre lover punkt 7. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks og med verknad for skatteåret 2017."