Home Nyheter Kraftskatter - resolusjon Vestland

Kraftskatter - resolusjon Vestland

LVKs regionmøte for Vestland traff 24. januar 2020 følgende enstemmige resolusjon:

VASSKRAFTKOMMUNANE I VESTLAND BER OM AT REGJERINGA SVARAR PÅ SKATTEREGIMET FOR VASSKRAFTSEKTOREN

26 medlemskommunar i LVK frå region Vestland har på regionmøte 23. januar 2020 samrøystes vedteke følgjande resolusjon om Sanderud-utvalet si innstilling, NOU 2019:16:

  • Region Vestland står for den desidert største vasskraftproduksjonen av alle norske regionar, med eit årleg volum på om lag 34 TWh. Av en årleg verdiskaping på 10-15 milliardar kroner, beheld vertskommunane om lag 1 milliard kroner årleg. Utvalet foreslår sjølv denne beskjedane delen avvikla, ved å fjerne lovbestemte historiske rettar som konsesjonskraft og konsesjonsavgifter.
  • Vertskommunane i Vestland har over generasjonar gjeve avkall på våre naturressursar til beste for heile Noreg og tilført både andre kommunar og staten som eigarar milliardverdiar kvart år. Ei absolutt føresetnad bak kvar vasskraftkonsesjon, har vore at vertskommunen skal behalde en del av verdiskapinga i form av lovbestemte ordningar, og med same varigheit som naturinngrepane.
  • Vi opplever Sanderud-utvalet sitt forslag som eit klart løftebrot overfor kvar enkelt kommune, og eit brot på den samfunnskontrakt som staten som konsesjonsmynde inngjekk med oss då vi gav vår tilslutning til vasskraftutbygging.
  • Høyringsfristen for NOU 2019:16 gjekk ut 1. januar 2020. Det er komme inn til saman 327 høyringssvar, og av desse er 316, eller 97 %, negative til utvalet sitt forslag. Ein så omfattande og samstemd kritikk mot ei utvalsinnstilling, er sjeldan kost.
  • Alle organisasjonar av tyngde, - LO Norge, Fagforbundet, El og IT Forbundet, NHO, Energi Norge, Statkraft, Norsk Industri, Distriktsenergi, Småkraftforeninga, KS, KS bedrift, Vasskraftkommunane (LVK), Naturressurskommunene, Utmarkskommunenes Sammenslutning (USS), vindkraftkommunene (LNVK), Industrikommunene, Kraftfylka og Norges Bondelag - er blant dei organisasjonane som tar avstand frå utvalets forslag.
  • Når eit samstemd næringsliv, fagbevegelse og kommunesektor forkastar utvalet sitt forslag, ber regionmøtet regjeringa snarast gjere klart sitt syn på utvalsinnstillinga. Forslaga vil ikkje føre til at ønska samfunnsøkonomisk lønnsame investeringar blir gjennomført, slik utvalet sitt mandat bad om.
  • Vi kan ikkje godta at regjeringa treng meir tid til å klargjere sitt prinsipielle syn på vertskommunanes rettar og Sanderud-utvalet sitt dramatiske forslag om å oppheve og endre desse. Ei samla opposisjon på Stortinget har i finanskomiteen sin Innst.3
  • Statsbudsjettet for 2020 - tatt avstand frå forslaga, og representantar frå regjeringspartia Høgre, KrF og Venstre har gjort det same. • Ved revisjonen av konsesjonslovane i 2017 og ved endringane i reglane om eigedomsskatt på verk og bruk i 2018 var regjeringspartia sine representantar på Stortinget samde om at regelverket for konsesjonsordningane og eigedomsskatt på kraftanlegg ikkje skulle endrast. – Vi kan då ikkje forstå at regjeringa treng meir tid på å halde fast på sitt syn på at disse ordningane skal førast vidare også i 2020.
  • Regjeringa si manglande avklaring av sitt syn på utvalet sitt forslag om å oppheve dei kommunale konsesjonsordningane, skaper stor uro og usikkerheit i våre kommunar. Kraftinntektene er viktige element i vår økonomiforvaltning, og vi ber om regjeringa respektere vårt behov for snarleg avklaring av om vi kan legge desse inntektene til grunn for vår økonomiplanlegging.
  • Regionmøtet viser til at utvalet skjerpar grunnrenteskatten og opphevar dei lovbestemte ordningane som tilgodeser dei distrikt som har avstått sine naturressursar til beste for heile landet. Mandatet var å i utforme grunnrenteskatten slik at vidare investeringar i vasskraft ble sikra, og å fremja forslag til å forbetre og forenkle konsesjonsordningane. Utvalet har ikkje svara på det oppdraget som ble gitt i mandatet.
  •  

Det er presserande for vår klimapolitikk å sikre ytterlegare investeringar i vannkraftsektoren så snart som mogleg. Det same gjeld bransjen sitt behov for investeringsvenlege skattereglar, og vertskommunanes sitt behov for økonomisk føreseieleg. Regionmøtet etterlyser ei snarleg og konkret beskjed om regjeringa sitt syn på utvalet si innstilling.