LVK møtte Statkrafts direktør for utvikling i Norden, Pål Otto Eide, saman med avdelingsdirektør for utvikling av vasskraft, Marianne Holmen, og fleire leiarar. Kommunane la fram erfaringar og krav knytte til konkrete prosjekt, og understreka behovet for avtalar som avklarer risiko, kompensasjon og tiltak i kvart enkelt prosjekt. Bodskapen var tydeleg: Skal kommunane kunne støtte slike prosjekt, trengst betre regelverk, tydelege utbyggingsavtalar og meir kunnskap om dei lokale konsekvensane.
Felles for kommunane var ønskjet om meir kunnskap om konsekvensane av inngrepa, større klarleik i dei økonomiske konsekvensane av utbyggingane, og ikkje minst eit regelverk som sikrar at store effekt- og pumpekraftverk faktisk gjev kommunane positive synergiar på kort og lang sikt.
Leiar i LVK, Roald Aga Haug, understrekar: «Fordelane ved utbygging må vere større enn ulempene – elles er det vanskeleg å seie ja.»
Alt i alt eit vellukka møte – partane var samde om å følgje opp spørsmåla vidare, utveksle skriftlege avklaringar kring rammevilkår, og etablere jamlege møte mellom LVK, Statkraft og kommunane.