LVK heldt 7.-8. februar regionmøte for 104 representantar frå dei 23 medlemskommunane sine i Vestland. Regionmøtet vedtok samrøystes følgjande fråsegn:
Trekk i rammetilskot for pårekna høge konsesjonskraftinntekter
Regjeringa varsla 28. september 2022 medlemskommunane til LVK i Sør-Norge om trekk i rammetilskota basert på pårekna spesielt høge konsesjonskraftinntekter i 2023. Kommunal- og distriktsdepartementet offentleggjorde 10. januar 2023 utrekningsgrunnlaget for den enkelte kommunen.
Ordninga med såkalla høgprisbidrag frå spesielt høge inntekter for kommunar som har rett på konsesjonskraft, er ei nyskaping. Den kom utan forvarsel eller noka form for forarbeid eller nærmare regelverk. Ordninga frå 28. september, med direkte innverknad på kommuneøkonomien, var heilt avgjerande for korleis kommunane innretta og planla drifta for 2023.
Det er ei kjensgjerning at dei føresetnadene som dei vedtekne trekka i rammetilskota byggjer på, alt er vesentleg endra. Mange kommunar og LVK har kravt at trekka blir endra i tråd med endra føresetnader. Til det har kommunalministeren gong på gong opplyst at «regjeringen vil følge situasjonen og komme tilbake til saken om nødvendig».
Kommunalministeren har i brev 8. februar til dei berørte kommunane kome attende til saka med følgjande lovnad:
I regjeringens forslag til revidert nasjonalbudsjett vil trekket i rammetilskuddet bli justert i tråd med oppdaterte anslag for strømprisene. Oppdateringen av årsanslagene for strømprisene vil baseres på historiske priser for 2023 og terminpriser for gjenværende deler av året. På samme måte vil det kunne foretas en ny justering av trekket i rammetilskuddet i forbindelse med nysaldert budsjett mot slutten av året.
Vi er nøgde med at statsråden no varslar endringar i ordninga med trekk i rammetilskota i tråd med dei føresetnadene ordninga vart tufta på. Men det er fleire tilhøve som er uavklart og som må endrast om regjeringa skal halda dei orda regjeringa 28.september bad kommunane innretta økonomien sin etter.
Til vi får ei avklaring av dei endelege trekka i rammetilskota, er vårt syn:
Det er elementær forvaltningsskikk og grunnleggjande for tillitsforholdet mellom staten og kommunesektoren at vi kan stola på dei føresetnadene staten bygger hopehavet vårt på. Og spesielt viktig er dette når ein etablerer heilt nye ordningar med direkte verknad for berørte kommunar. Blir dei uttrykte føresetnadene for ei ordning vesentleg endra, må dei aktuelle ordningane endrast tilsvarande.
Samtlege kommunar som står bak denne fråsegna, innretta økonomiplanlegginga og budsjettarbeidet sitt på varselet frå regjeringa om at «(..) deler av de ekstraordinære inntektene kommunene nå har fra konsesjonskraft deles med fellesskapet.» Kva delar det var tale om vart presisert til å vera (..)«anslagsvis under en tredjedel av den anslåtte verdien av konsesjonskraften bare i 2023.»
Dei trekka i rammetilskota som er gjort, tilsvarer ifølgje departementet for de fleste kommunar 60,2 prosent av bruttoverdien av den retten kommunane har til konsesjonskraft. I regjeringa si melding i dag er det ikkje gjeve nokon lovnader om å endra storleiken til det prosenttrekket som vart meldt inn 28. september.
Vi forventar at regjeringa respekterer det vi reknar som elementær forvaltningsskikk, som tek grunnleggjande omsyn til innretting, og til at alle blir behandla på en føreseieleg, lik og sakleg måte.
På denne bakgrunnen forventar vi at regjeringa straks stoppar dei store trekka i rammetilskotet, fram til at trekka blir i samsvar med føresetnadene vi har innretta økonomiplanane og budsjetta våre etter, og som stortingsvedtaket byggjer på.